Skip to main content

Forventa pensjoneringsalder og yrkesaktivitet

Stadig fleire kombinerer arbeid og pensjon, og det er ikkje lenger fullt samsvar mellom når folk tek ut pensjon og når dei sluttar i arbeid. Nav har difor utarbeidd indikatorar for pensjoneringsåtferd og for sysselsetjing blant eldre: forventa yrkesaktivitet og forventa pensjoneringsalder.

Forventa yrkesaktivitet er ein indikator for å måla lengda på yrkeskarrierar basert på yrkesaktiviteten i einskilde år. Ein 15-åring i 2012 kunne forventa ein yrkeskarriere tilsvarande 31,0 årsverk. Dette er ein liten auke etter fleire år med nedgang. Medan yrkesaktiviteten totalt sett har gått noko ned frå 2008, har den auka for eldre arbeidstakarar. Yrkesaktiviteten etter 50 år er no på det høgaste nivået sidan 2001. I IA-avtala er eit av måla at forventa yrkesaktivitet ved 50 år skal forlengjast med 6 månader frå 2009 til 2013. Vi må framleis ha ein auke på 0,2 år i løpet av 2013 for å nå målet i IA avtala.

Forventa pensjoneringsalder gjer uttrykk for pensjoneringsåtferda, og indikatoren omfattar alderspensjon, varig uførepensjon og avtalefesta pensjon (AFP). Forventa pensjoneringsalder ved fylte 50 år i 2012 var 62,7 år. Langt fleire arbeidde ved sidan av pensjonen i 2012 enn i 2010.

Forventa pensjoneringsalder ved fylte 18 år i 2012 var 59,1 år, ein auke med 0,5 år frå 2011, men ein nedgang med 1,7 år frå 2010. Auken siste året kjem først og fremst av færre nye uføre og alderspensjonistar i alderen 63–66 år. Den store nedgangen frå 2010 til 2011 kjem av at fleire har teke ut uførepensjon, særleg i alder under 50 år, og av innføring av fleksibel alderspensjon med høve til å ta ut alderspensjon frå 62 år.